NRK Sørlandets håndballekspert spår gull – ØIF Arendal

NRK Sørlandets håndballekspert spår gull

Nynorsken sit som eit skot frå Marcus Dahlin. Praten med Sander Heggheim i NRK Sørlandet gjekk som ein draum. Og Sander han har trua på gull til ØIF Arendal!

Vi toppar tabellen så vidt, og gjekk på eit smerteleg tap i går mot Nøtterøy. Korleis trur du sesongen utviklar seg?

Nøtterøy borte blei tøft. Men skal ØIF vinne serien er dette eit lag som skal slåast etter mi meining, også på bortebane. Lillestrøm heime skal vere to poeng. Klarer å ØIF å komme opp på sitt toppnivå i dei resterande kampane blir det nok poeng og Eirik Heia Pedersen kan løfte pokalen.

I cupfinalen vart det Jørgensen Hofstøl, Heia Pedersen og Medhus som avgjorde. Kven blir ØIF Arendals viktigaste spelarar i vårsesongen?

Eg trur det er desse tre klubben må «stole» på også i serieinnspurten. I tillegg bør Sondre Paulsen og Magnus Jøndal løfte seg. Kurtovic drog fram nettopp desse to før sesongen som viktige brikker, men dei har kanskje ikkje blitt så dominerande som eg hadde venta før sesongstart. Heia Pedersen får kanskje ikkje alltid den oppmerksomheten han fortener, men fekk vel fortjent belønning med uttak på landslaget i januar. Laget treng ein kaptein som går føre i stormen. Det har han gjort heile sesongen, og det kjem han til å gjere sesongen ut.

Våre unge spelarar, Hermann Vildalen, Eirik Köpp og Sander Simonsen har fått noko speletid i haustsesongen. Kven av desse tre kjem til å få ei solid utvikling med meir speletid og godt spel i vårsesongen?

Eirik Köpp hadde eg venta ville melde seg på skikkeleg denne sesongen og verkeleg få gjennombrotet sitt. Dessverre vart han sett litt tilbake med skaden sin. Eg trur nok at det er Köpp som kjem til å få mest speletid av desse tre. Han har eit stort potensial, og kan bli ein særs viktig spelar for klubben.

Korleis endar topp fire i årets liga?

Eg trur ØIF Arendal tek gullet. Dei har stått fram som det mest stabile laget så langt. Det såg litt skummelt ut i desember med mange skader, så VM-pausen kom på eit gunstig tidspunkt. Laget har vist at dei taklar å vere favoritt. Nøtterøy-kampen trur eg var eit «arbeidsuhell». Spørsmålet er om dei taklar det når det verkeleg dreg seg til. Det klarte dei i cupfinalen. Det kan vere ei god erfaring også i serieinnspurten. Mitt tips: 1. ØIF Arendal, 2. Bodø, 3. Haslum, 4. Elverum.

Kva eller kven blir årets store overraskning no etter cupfinalen?

Sondre Paulsen løftar seg og kjem tilbake der vi kjenner han- i landslagsklasse.